Turjentas blogg

Eit halvt år - tid for endringarHverdagsliv

Opprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 24 sep., 2013 19:13:02

Det passar nok godt med eit nytt blogginnlegg no. I dag er Synne Kristin eit halvt år, og kvardagen er i ferd med å endre seg for oss. Neste veke blir det nye jobbar og ein, heilt sikkert, travlare kvardag.

Her ligg halvtåringen på gulvet og skravlar litt, lagar lydar og gneg litt på bokstavpuslespillet ho ligg på på gulvet. Ja, ho ligg på det heilt til ho har rulla seg av og funne noko anna som er meir interessant... Men akkurat no, er det visst kløa i munnen som skal ha mest merksemd. To små tenner har så vidt kome fram nede, og dei oppe kjem vel snart dei og.. Vi har så smått trent oss litt på graut og mat på smakestadiet ein månads tid, og no er det i alle fall eitt måltid til dagen, så då får ho nok i seg mat, sjølv om mamma er på jobb om dagen!

Blog image

I dag har Synne Kristin fått ein liten smakebit av ny kvardag. Ho var hos Karl nokre timar midt på dagen, savna nok mamma litt på slutten, men vi får tru dei blir gode vener etter kvart! Vi skulle jo så fint dele permisjonen slik at vi jobba nokre dagar kvar, men det var jammen ikkje så lett å få til å klaffe med to arbeidsgjevarar... Då er det godt med gode vener som kan ta seg godt av gullet vårt dei fleste tysdagane!

Måndag begynner Helge i ny jobb. Han har fått seg jobb i Stavanger, og blir dermed pendlar. Godt er det at han skal ha ein del pappapermisjon, så han blir no mykje heime med oss likevel. Han skal jobbe i Stavanger mandag og tysdag, ha pappaperm onsdag og torsdag, og så har han heimekontor på fredagen, bortsett frå når han skal jobbe sundagen, då blir det Stavanger fredag og. Håpar og trur dette skal bli ei bra ordning, og ikkje minst ein jobb han vil trivast i! :-)

Eg startar oppatt i jobb etter permisjonen på tirsdag, så dermed blir alt nytt på ein gong! No har eg fått jobb på Moster skule, og skal vere der tysdag, onsdag og torsdag før jul, og så blir det vel full rulle etter jul! Eg har litt blanda følelsar kring ny jobb. Eg likte meg godt på Hillestveit, og det er jo alltid litt å kome inn i på ny arbeidsplass, men det er klart det er kjempegreitt å vere så nær heimen no med ei lita heime, og eg har tru på at Moster skule og er ein god arbeidsplass. Men spennande blir det, på mange måtar! No har vi no berre ei arbeidsveke før det er haustferie da, så... :-)

Blog image

Synne Kristin er elles framleis ei harmonisk, rolig og blid jente, som stort sett smiler til verda. Ho er tålmodig og let seg sjelden stresse, men kan no si i frå når det gjeld! Om natta søv ho så godt, at det nok kjem til å bli ei omveltning å måtte stå tidleg opp.. Ho går elles heilt utruleg godt overens med katten! Helge og eg snakka om det i dag, at vi trur dei må kunne beskrivast som perlevenner! Auga til Synne Kristin følger Susi når ho er i nærleiken, og katta kan ligge ved sida av ho og la ho dra ho i øyra. Hadde vi behandla katta slik ville ho nok klora etter oss!!! Men dei vesle hendene til Synne Kristin kan visst dra nesten så mykje dei vil i pelsen! Det er i alle fall moro å sjå på dei!

Eg har no lagt ut ein del bilete, og nokre videoar, frå august og september på http://bilder.turjenta.net/#!home , logg inn med e-post og passord, og har du ikkje det, kan du sende meg ein mail, så kan du jo kanskje få... ;-)

EspeværTurer i Norge

Opprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 28 juli, 2013 15:26:23

Vi har hatt veldig koseleg besøk i helga, og med det nydelege vêret vi har hatt i det siste, er det moro å vise fram kysten til landkrabber frå Valdres! (Geir og Lillian, det er ikkje meint fornærmande, de brukte vel det ordet sjølv...)

Blog image

I går tok vi ein tur til søra Bømlo. Vi køyrde til Eidesvik og tok båten ut til Espevær, der vi rusla nokre timar før returen. I det nydelege sommarvêret viste Espevær seg som den sommaridyllen det kan vere! Utruleg koseleg å rusle og sjå seg rundt, køyre kabelferja og berre nyte dagen og utsikta!



Vi var ikkje ut til UFO-ringen, men noko må vi jo ha til gode... Espevær er verkeleg verdt eit besøk på ein solskinsdag! (Elles og, men med solskin blir jo alle stader enda betre!)

Sommarferie 2013 - Danmark og TysklandUtenlandsturer

Opprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 04 juli, 2013 01:01:18

No har vi hatt tre flotte veker med ferie! Det starta med jubileumshelg på Nordfjord folkehøgskule, der Helge var 20-årsjubilant. Eg og Synne Kristin var med, slik at vi reiste videre til «Besta» og «Besten» i Måløy eit par dagar etterpå, før vi starta på utlandsturen med Elias.

Danmark og Tyskland

Vi møtte Elias i Aurland 11. juni på ettermiddagen, og overnatta i ei lita campinghytte (eller var det stor leikehytte du mente det var Elias?) på Mestad Camping i Evanger, før vi køyrde siste biten til Bergen på onsdagen.

12. juni tok vi Danmarksbåten frå Bergen. Queen Mary 2 låg og til kai, så vi var litt usikre på kor vi skulle ombord, men det vart no Fjord Line på oss... Vi var i land i Hirtshals torsdag morgon klokka ni, så var både Synne Kristin og Elias i Danmark for fyrste gong. :-)

Vi hadde god tid og køyrde ein liten omveg ut mot strendene mot Løkken på veg til Ålborg. I Ålborg hadde vi oss ein god stopp og rusla litt i gatene og fekk oss noko å ete, før vi køyrde vidare sørover. Etter kvart nærma vi oss Horsens og byrja å tenke på eit overnattingsstopp. Vi enda med å bo på Scandic Hotel Bygholm Park i Horsens, eit veldig bra hotell, der vi fekk ein bra pris på familierom.

Blog image

I Horsens var det og dyrskue fredag til sundag, så vi fekk med oss ein tur der før vi reiste vidare utpå dagen 14. juni. Når vi gjekk på dyrskue der, fekk vi eit visst inntrykk av at landbruket står noko sterkare i Danmark enn i Noreg, men det er vel noko lettare å dyrke marka der... På dyrsku var iallefall mange gedigne landbruksmaskiner, mykje dyr, bodar og tivoli – noko for ein kvar smak. Etter å ha sett oss litt rundt der, sette vi kursen vidare langs strakaste vegen til hotellet vårt i Hamburg. Om vi trudde vi hadde bodd bra i Horsens, budde vi iallefall veldig bra på Steigenberger Hotel Treudelberg! Det er eit hotell som ligg litt utafor sentrum i Hamburg, med golfbane på området. Den fekk vi jo ikkje prøvd ein gong... Men Elias og eg fekk oss ein liten tur i svømmebassenget på fredag kveld.

Laurdag var vi på dagstur til Lüneburg! :) Der var det Stadtfest, med masse boder og liv i gatene! Det blei nesten litt mykje, men det var kjekt å vere tilbake til gamle trakter! Eg har lenge hatt lyst på ein tur tilbake til Lüneburg, der eg studerte nokre månader i 2004, og det var veldig kjekt! Dei andre synst visst og at det var ein veldig fin by! :) Været var litt usikkert, og utpå ettermiddagen kom ei styrtskur, men det var akkurat medan vi henta ut bilen frå p-huset og køyrde, så vi vart ikkje våte..


Blog image

Dagen baud og på utfordringar, då motorvernplata under losna.. Vi måtte ha bilen inn på verkstad, men innan vi kom på VW var det stengd (ein vi traff som jobba der, sa det var ope til 18, men det var feil...). Men på kafeen der var dei veldig hjelpsame, og til slutt var det ein frå ADAC (tilsvarande NAF) som hjalp oss med å fjerne plata så vi kunne køyre vidare. På veg tilbake til hotellet, tok vi ein rusletur i Hamburg sentrum. Det blei ein lang dag, og litt sein kveld.

Sundag 16. juni var det godt å kunne ta ein litt roleg morgon på hotellet, før vi køyrde til neste stopp – KNAUS Camping Burhave. Det ligg på ei slags halvøy – Butjadingen nord ved Nordsjøen, ikkje so langt frå Bremerhaven. På vegen dit køyrde vi eit stykke langs dikene mot Elben nordover frå Hamburg, mot Stade. Fekk sjå nokre fine småstader i Borstel og Jork. Vi stoppa i Bremervörde og åt pizza. Der var det og eit stort opptog i gatene. I kveldinga starta vi på campinglivet i campingvogna vi hadde leid for fire netter. Det blei koseleg, med yatzy på kveldane.

Måndagen hadde vi ein ganske roleg dag, med ein liten tur til Bremerhaven, og elles litt klesvask og litt kos på campingen. Vi tok ei lita ferje mellom Nordenham og Bremerhaven. Fann vel eigentleg ut at vi ikkje hadde trengt å ha med bilen over, men... Eg og Elias blant anna var inn i ein U-båt som no var ein del av skipsfartsmuseet i Bremerhaven. Det var spennande.

Blog image

Tysdag 18. stod vi tidleg opp, for å køyre to timar til Soltau – nærare bestemt Heide-park. Der fekk vi ein veldig kjekk, varm og slitsom dag, med mykje moro for liten og stor! Vi var nok likevel litt uheldige med valet av dag, det var ganske mykje folk og gjekk bort ein del tid i kø, og det som såg ut til å være lettskya og perfekt parkvêr, viste seg å bli mykje sol og veldig varmt! (34 grader då vi kom attende til bilen...) MEN, vi fekk prøvd mykje av dei store, artige attraksjonane! Alle fire fekk køyrd tog, og vore til topps i utkikkstårnet, eg og Elias fekk køyrd bobbane og piratskip. Elias fekk køyrd stort og smått, men piratskipa var kanskje artigast? Sjøv om ein blei klissblaut... :-) Skipa hadde vannkanonar, men det hadde og dei som stod på land... Medan eg var på stelle- og ammerommet med Synne Kristin, hadde Helge alliert seg med nokre tyskarar på land, så Elias var ganske gjennomvåt... :-P Men det gjorde jo ikkje noko når det var så varmt! Og eg fekk til slutt køyrd ein av dei store berg- og dalbanane – Colossos! :-) Men vi skulle hatt minst ein dag til for å rekke alt det kjekke i parken!!


Blog image

Etter den store utflukten tysdag, vart det ein roleg dag i Burhave på onsdagen. Litt aktivitet på campingplassen på føremiddagen, så spiste vi middag i bowlinghallen. Der var og et slags lite leikeland. Elias og Helge fekk seg ein runde med bowling etter middag, medan eg og Synne Kristin gjekk attende til campingen og slappa av. Det var nok ein varm dag, med tett, fuktig luft, og på kvelden kom resultatet – eit voldsomt tordenvær som eg knapt har opplevd maken til!! Det slo ned i flaggstanga litt lenger bort på campingplassen...

Torsdag 20. juni var det på tide å ta fyrste etappe på heimvegen. Vi køyrde raskaste ferjefrie veg frå Burhave til København. Hadde oss ein handlestopp i Flensburg, og fylte bilen enda litt meir opp... I åttetida kom vi fram til Lea og Rosa, som var så snille å tilby oss overnatting! :-)

Blog image

Fredag var det klart for tivoli! Elias og eg fekk oss turpass og fekk lufta oss enda meir – her var mykje mindre kø enn i Heide-park! Tivoli er veldig trivelig, og ein fin stad å vere, og for dei som ikkje er dei tøffaste med tanke på karusellar! Vi hadde ein bra dag, og åt på Hard Rock Cafe, men Helge var nok litt sliten. Det var kanskje ikkje så rart, når det kom til kvelden var han i såpass dårleg form at Lea vart med han på legevakta. Resultat: Lungebetennelse, 38,7 i feber og 40% lungekapasitet på venstre side... Kanskje ikkje så rart at han hadde vondt.. Han fekk medisin, og laurdagen fortsette vi turen heimover. Vi ferja frå Helsingør til Helsingborg og køyrde nordover E6. På ettermiddagen kom vi til slektningar i Lur og fekk helsa på, før det vart overnatting på Nordby.

Så vart det litt handling på Nordbysenteret sundag morgon, før vi sette nasen mot Hallingdal, med eit kort stopp hos slekta i Gårandplassen. Trur Elias syntes det var litt godt å kome heim til Rukkedalen utpå ettermiddagen! Takk for turen Elias! Vi sette alle tre stor pris på å ha deg med, eg trur Synne Kristin sakna deg i baksetet då vi køyrde vidare! Og takk til foreldra dine og systrene dine for at vi fekk låne deg med oss!

Fleire bilete frå Danmark og Tyskland ligg i dette albumet: http://bilder.turjenta.net/#!album-59

Nordfjord

Vi overnatta ei natt i Trondrud, før vi reiste til Nordfjord for å bruke siste ferieveka i Måløy og Deknepollen hos foreldra til Helge. Lungebetennelsen til Helge var framleis ikkje bra, så han var til lege og fekk ny medisin som tok betre tak. Vi fekk med oss Måløydagane i helga, og endte med å kjøpe ny bil, så vi måtte køyre hver vår heim...


Blog image

Laurdag kveld fekk vi oss ein flott prøvetur med nyebilen. Vi hadde med oss far til Helge og køyrde på ein skikkeleg flott solnedgangstur i Vågsøy, til Refviksanden og ut mot Kråkenes. Fantastisk med sola på veg ned i havet og utsikt over til Stadtlandet! Ein skikkeleg bra avslutning på ferien!

Og i dette albumet ligg fleire bilete frå Vågsøy: http://bilder.turjenta.net/#!album-60

Fyrste fjellturen Turer i Norge

Opprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 03 juni, 2013 19:01:40

I helga hadde vi veldig koseleg besøk av onkel og tante frå Ål! Dei fekk med seg foredrag og Mostraspel på laurdag, og besøkte kjente på Stord på sundag.

Då dei kom att på sundagen, vart det snakk om ein kveldstur, og så fekk Synne Kristin sin fyrste fjelltur! Godt kledd og plassert i bæreselen, gjekk vi mot Siggjo, høgaste toppen på Bømlo (474 moh). Tanken var at eg og Synne Kristin skulle vere med eit lite stykke, og så snu og reise heim, medan gjestene fekk fortsetje...

Blog image

Klare for fjelltur

Turen vart lenger enn vi hadde trudd, det gjekk overraskande greitt oppover, og då var det fristande å vere med vidare! Likevel fann vi no ut då vi var nesten på toppen (før svingen der vi ser masta), at det kanskje var greitt å snu.. Eg var usikker på kor lang tid eg ville bruke ned, det er jo bratt og eg hadde ein baby på magen og byrja bli sliten... Det var og ganske mykje vind og vi rekna med det bles veldig godt på toppen. Så vi snudde og tok oss god tid nedover, medan gjestene gjekk til topps for å ta oss att på veg ned att! Turen nedover gjekk eigentleg og overraskande greitt, men det var godt å kome ned att, det merkast at det er lenge sidan forrige fjelltur... Men kanskje det kan bli fleire i sommar? I alle fall ein flott tur!

Blog image

Ingen skam å snu!

Album frå turen: http://bilder.turjenta.net/#!album-58

17. mai og barnedåpHverdagsliv

Opprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 22 mai, 2013 18:47:19

Då har vi vore på tur til Hallingdal att. Anledninga denne gongen var veldig triveleg, Synne Kristin vart døypt i Nes kirke 1. pinsedag.

Vi køyrde over fjellet allereide tysdag kveld. Då tok vi ein stopp på Husnes, der jentelaget til Moster spela mot Trio. Eg fekk med meg 1. omgangen av kampen, Synne Kristin søv i bæreselen med regnjakka mi som vern mot vinden... 2. omgang brukte vi til at jenta skulle få seg mat før den lange turen... :-)

Blog image

Sidan pinsa i år hang i saman med 17. mai på fredagen, fekk vi feira nasjonaldagen på Nes. Helge sin familie (mor, far, bestemor og tante), var komen frå Nordfjord, så vi feira i lag med dei. Det vart ein tur til Nes på føremiddagen, med gudsteneste og barnetog, men vi vart ikkje så lenge på Nes etterpå, sidan regnet kom ausande ned. Vi var ein tur på hytta og fekk middag, før det var fest i Rukkedalen på kvelden. Synne Kristin hadde fått låne dokkebunaden som var sydd til hennes 18 år gamle søskenbarn, og fekk sjølvsagt mykje oppmerksomhet for det, og så var ho no fin og! :)

Blog image

19. mai 2013 vart ein flott dag! Synne Kristin vart døypt i Nes kirke, og vi feira etterpå i steinfjøset på Liodden. Det var ein av dei fyrste sommardagane i vår og nesten for varmt, men flott å vere på Liodden! God mat, kaker, gode faddrar, familie, vener og fin musikk! Ingen sak når ein har så musikalske faddrar som Synne Kristin har!! :) Eg vil takke ALLE som bidrog til ein flott dag, både med førebuing, tilrettelegging, song, musikk, gåver, deltaking og så bortetter - det vart ein stor dag for oss!

Blog image

Fleire bilete frå desse maidagane kan du sjå ved å logge inn på galleriet i dette albumet: http://bilder.turjenta.net/#57.0

Fyrste ferienUtenlandsturer

Opprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 06 mai, 2013 16:45:49

Da har Synne Kristin vore på sin fyrste ferie, og det blei ei god veke! Fyrst var vi nokre dagar i Hallingdal og fekk helst på familie og vener, før vi tok ein liten utanlandstur!

Blog image

Rusletur i gågata i Kiel

Turen starta jo noko slitsamt da, med det at det var stengte vegar både her og både der... Hardangervidda stengt, Haukeli kollonne, stengt mellom Bergen og Voss... Og ferja til Tysnes passa oss absolutt ikkje, så då vart det å køyre Odda, og så Utne-Kvanndal, opp til Voss og så over Hemsedalsfjellet... Passa bra å amme i bilen på ferjekaia i Utne, hadde akkurat passe ventetid, men det var no ei ny erfaring å amme i baksetet... :-P Turen vidare gjekk no greitt, med nokre mindre og større stopp... Var veldig glade for fortsatt å ha piggdekk då vi skulle over Hemsedalsfjellet, noko anna hadde ikkje gått!! Så hadde vi no og flaks der, midt oppå fjellet låg to trailerar i grøfta på kvar sin side av vegen, og før vi var komne ned frå fjellet fekk vi høyre at Hemsedalsfjellet var stengt grunna bilberging... Hadde blitt VELDIG langt å byrje på Filefjell på seine kvelden!! Men vi kom oss ned og fekk stoppe hos Turid Ingeborg i Hemsedal og amme! :-) Veldig koseleg!

Det vart nokre koselege (og nesten litt travle) dagar i Hallingdal, med møte på Betel, skulebesøk i Rukkedalen, og tid med familien, men det var utruleg kjekt å treffe så blide ansikter alle stader, og få vise fram vesle gullklumpen vår!! :-) Vi fekk oss og ein tur over åsen til Hedalen, veldig koseleg med middag hos Gunvor og Reidar, og så heldt Helge andakt på Salto etterpå. Var redde det vart ein dyr tur, med knust bunnpanne, men vi var heldige denne gongen!! ;-)

Blog image

Kosar oss med utsikta frå lugaren

Sundagen køyrde vi til Oslo og gjekk om bord på Color Magic. Ein liten strek i rekninga då det fyrste vi fann ut var at hjula på barnevogna ikkje gjekk gjennom lugardøra, men... Det gjekk seg no greitt til med å løfte av bagen og slå saman hjula når vi skulle inn... Det var godt med eit par rolege døgn om bord, berre oss tre å ta hensyn til, og vi kunne slappe av og kose oss! Ete god mat i restaurantane om bord, og høyre fin musikk. (Helge var på show, eg og Synne Kristin fann ut at det var vel så bra å sitje i pianobaren eine kvelden...)

Måndagen var vi nokre timar i land i Kiel, trilla ein tur i gågata og kika litt i nokre av butikkane. Ikkje mykje vi handla denne gongen, men det vart no litt i taxfree'en på båten og... :-P

Då vi kom tilbake til Oslo på tysdagen, lurte vi på kva for ein veg vi skulle ta heim. I og med at det då var stengt på Hardangervidda att, og kolonne på Haukeli, og Helge hadde fri onsdag og, bestemte vi å køyre Sørlandet heim. På den måten fekk vi oss ein fin overnatting på Farsund Fjordhotell, og ein betre middag i Stavanger på veg heim.

Så fekk vi passere både Trekantsambandet og Bømlabrua gratis på veg heim... No bor vi atter i bompengeland...

Fleire bilete finn du i albumet på: http://bilder.turjenta.net/#56.0

BarselstidHverdagsliv

Opprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 22 april, 2013 21:03:36

Tenk, i går var Synne Kristin 4 uker! To dagar til, så er ho ein månad gamal! Tida har gått fort, vore spennande, koselig, utfordrande og prega av mykje nytt! Vi har fått ny sjef i huset, eit nytt liv vi skal ta vare på! Mesteparten av tida stortrivst vi! No er det no og ei lita "sovedokke" vi har fått ser det ut til, og det er ikkje mykje skriking med denne jenta! Visst kan ho si ifrå, og ho har nok brukt stemma si meir dei siste dagane, men vi kan virkelig ikkje klaga! Om natta søv ho stort sett, bortsett frå at ho vil ha litt mat eit par gongar, og kanskje ei ny bleie, men så blir ho stort sett fort roleg igjen. :-)

Blog image

Synne Kristin 4 veker (Bilete opp-ned, men bloggen ville ikkje la meg snu det)

Vi har fått ein del besøk, av gode vener, naboar, og ikkje minst - besteforeldre. Helges foreldre var her sist helg, og hadde nok litt vanskeleg for å reise heim att... :-) Mine foreldre fekk likevel helse på ho fyrst, då det vart ein uplanlagt tur heim til Hallingdal i påskehelga. Sjølv om det vart litt hastig bestemt, vart det ei koselig helg, med litt påskestemning i nydeleg vær!

Blog image

Stolte besteforeldre

(Ja, eg slit med skriveprogrammet i bloggen, det snur bileta som det sjølv vil tydelegvis...)

Blog image

No er det snart klart for veslejenta sin fyrste ferie. :-) Helge har ei veke ferie no, så i morgon kveld set vi nok kursen austover. Då skal vi vere i Hallingdal fram til sundags morgonen, så blir det eit par dagar til sjøs, då vi tar oss eit cruise med Color Magic tur-retur Kiel. Det blir nok kjekt!

Blog image

Bilete av jenta er no lagt ut i eit eige album på http://bilder.turjenta.net/#55.0 Dette er eit album der dei som har passord og loggar inn får sjå nokre fleire bilete enn dei som ligg offentleg. Dersom du ikkje har passord, men vil sjå alle bileta - send meg ein mail, så kan eg opprette ein brukar for deg. ;-)

Synne KristinHverdagsliv

Opprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 28 mars, 2013 19:01:04

Natt til palmesundag blei vi foreldre til gulljenta Synne Kristin. Fødselen starta med eit plask idet vatnet gjekk, så då vart det sjukebil til Haugesund, sidan vi visste ho låg i seteleie. Der viste det seg ganske snart at navlestrengen ville ut fyrst, så dermed endte det med keisersnitt, og fire timar etter at vatnet gjekk, var ei velskapt jente komen til verda! :-) Ho vog 3475 gram og var 52 cm lang.

Blog image

Vi er takksame foreldre for ei fantastisk flott jente, og er i god form alle tre. Ut på ettermiddagen vart vi overflytta til Stord sjukehus for å ha barselstida der, og der vart vi godt ivaretekne. No er vi komen heim for å feire påske og starte det nye familielivet. Vi gler oss til å bli meir kjend med den vesle jenta i tida som kjem.

Nokre av bileta kom på feil kant, men då får de trena nakken litt... ;-)

Velsigna påskehøgtid, alle saman!! :-)