Turjentas blogg

Turjentas blogg

Turblogg

Denne bloggen vil jeg nok i første rekke bruke til å skrive om turer, men kanskje også litt diverse annet. Bloggen er knyttet til min nettside www.turjenta.net

Forandringar

HverdagslivOpprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 03 nov., 2012 15:35:04

Det har gått lang tid siden forrige blogginnlegg, eg er visst ikkje så flink til få lagt ut noko her. Mykje har skjedd på eit halvt år, og no tenkte eg at eg skulle gje ei kort oppsummering. Eg har og lagt ut ein del nye album på http://bilder.turjenta.net/#home i dag, nokre private som du må logge inn for å sjå (viss du vil inviterast som bruker, sender du meg ein mail), og nokre som ligg åpne for alle.

Store forandringar

Vi får starte med det største som har skjedd siden sist, og som er ei stor og positiv forandring for oss: Eg er gravid! :-) Me gler oss veldig til å bli foreldre i midten av mars, og det er klart at mykje av tankane våre dreier seg om dette for tida! Eg syns det er litt rart å tenke på at det veks eit heilt nytt lite menneske inne i magen min... No begynner det likevel å bli berre meir og meir verkeleg, ettersom magen veks, og eg begynner å kjenne kvar dag, og fleire gonger til dagen, at det er nokon som bevegar seg der inne! :) Kjekt var det og å vere på ultralyd og sjå det vesle gullet vårt! Ein del krevar den vesle allerede, det viser seg at det er slitsamt å vere gravid, så siste vekene har eg vore noko sjukmeldt, no 50%, frå jobben eg starta på i haust, på Hillestveit skule i Langevåg. Der er eg kontaktlærar for 8. klasse, og det trivst eg utruleg godt med! :-)

Litt om sommaren og hausten

Vi hadde ein kjekk vår, og i pinsa fekk vi storfint besøk på Moster. Hilde (søstera mi) fekk med seg ein liten gjeng frå Rukkedalen på besøk, og kjekkaste var at dei fekk med seg mamma og pappa vestover! Det var veldig kjekt å få vist fram den nye heimen vår til familien! Så valte og Moster å vise seg frå beste sida, med fint vêr og Mostrafestival! Det blei ei veldig bra helg, sjølv om turen kanskje blei lang og slitsam for dei over 70.

Sidan eg berre hadde 50% jobb i skulen (pluss ein heil del vikartimar) i vårhalvåret i år, blei det litt drosjekøyring på meg og. Så dei tre fyrste vekene av skuleferien, brukte eg som drosjesjåfør hos Moster taxi. Eg synst igrunnen det er ganske kjekt å køyre drosje, og det er absolutt ein fin jobb å ha når ein er ny på ein plass, for ein blir jo mykje fortare kjend! Dessuten får ein med seg både solnedgangar og soloppgangar som ein ikkje hadde sett ellers.

I byrjinga av juli fekk vi koseleg familiebesøk igjen. :-) Denne gongen var det Bård (bror min) som tok med familien vestover. Nok ein gong var vi heldige med vêret, og vi fekk oss både ein rundtur i Mosterhamn og ein båttur med fiske og leik i fjøra for innlandsungar.

Før ferien tok til for oss, fekk vi oss og ei veldig kjekk helg til Sandnes og Kongeparken saman med Kathrine og Karl og ungane. Det var moro for store og små!

Når så sommarferien kom i midten av juli, pakka vi lavvoen i bilen og reiste på Moldejazz. Der fekk vi plass på Kviltorp camping, og hadde fine dagar med folkeliv, fotballkampar, musikk og nokre utflukter, mens Helges foreldre passa huset vårt på Moster.

Då vi kom heim, fekk vi koseleg besøk frå Valdres nokre dagar. Veldig kjekt at Geir og Lillian, kollegaer frå i fjor haust, tok ein tur, og eg trur vi burde ha mykje besøk frå austlandet, for då er det alltid fint vêr!

Så var det tid for Norway Cup. Helge har trena 14årslaget til Moster denne sesongen, så det vart ei veke i hovedstaden med fotball og folkeliv på Ekeberg. Vi fekk med oss Elias nokre dagar og, så då hadde eg og litt selskap når Helge var opptatt med jentene. :-)

Då fotballaget for vestover att på fredagen, sette Helge og eg oss i bilen og køyrde til København på helgetur før Helge skulle starte i jobb att på mandagen. Det var ein fin tur, og vi fekk også møtt Charlotte mens vi var der. Det var veldig koseleg! Vi var på sandslottutstilling i København - det var mektig imponerande!!!

Søndagen sendte eg Helge heim med fly frå Gardermoen til Stord, og tok nokre dagar i Trondrud hos mamma og pappa, før eg og reiste vestover att. Då fekk eg med meg Mette og på besøk nokre dagar før skulestart. :-)

Då Helge kom heim etter ferien, fann han tre alldeles nyfødde kattungar i sokkeskuffen på badet! Dei var ikkje uventa, og om vi tenker oss om, var det heller ikkje så uventa at dei vart fødd i den skuffen heller, for Susi har no likt seg der heilt frå ho kom til huset. (Sjølv om ho vart forsøkt bortvist derifrå...) Men skuffen måtte iallefall midlertidig bli omdefinert frå klesskuff til katteheim... Så i haust har det vore stadig aukande aktivitet i heimen her, til kattungane flytta ut no i veka som gjekk. Det er litt stille her no, men godt er det no og. Trur Susi set pris på å gå ut og inn som ho vil att, og det er koseleg å ha fått igjen den rolege og kosete katten vår! :-) Så får vi vente på at det kjem eit nytt lite liv og skapar liv i heimen, og førebu oss på det!

  • Kommentarer(0)//blog.turjenta.net/#post10