Turjentas blogg

Turjentas blogg

Turblogg

Denne bloggen vil jeg nok i første rekke bruke til å skrive om turer, men kanskje også litt diverse annet. Bloggen er knyttet til min nettside www.turjenta.net

Førjulstur til Riga

UtenlandsturerOpprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 09 des., 2012 13:42:02

Første helga i advent var det klart for ei langhelg i Riga. Vi gleda oss stort over å få ein førjulstur saman vi to, før nyåret kjem med baby og det heile, litt spente var vi nok på korleis ein slik tur ville vere med baby i magen, men det vart ei vellykka helg.

Vi reiste fredag 30. november, det er forresten ikkje heilt rett, for flyet skulle gå så tidleg, at vi reiste når Helge var ferdig på jobb torsdag kveld kvart over elleve... Vi var litt usikre på ferjene på natta, så vi valde å ta 00.15 ferja for å vere sikre.. Så vi tok med oss tepper og sovepose, og sov vel eigentleg ganske bra i bilen på ferja og på parkeringsplassen på Flesland, før vi gjekk til innsjekking..

Flyet gjekk allerede klokka seks om morgonen, og flyturen bortover vart noko slitsom for meg, då eg plutseleg vart uvel. Det kom nok av lite søvn og drikke og veldig varmt og trangt fly, og kom seg heldigvis veldig fort då eg fekk reist meg opp! :) Fordelen med det tidlege flyet var at det framleis var morgon då vi kom fram til Latvia! Vi fekk sjekka inn på hotellet sjølv om det var tidleg, og det var godt å ete nokre knekkebrød med ost og sove ei stund før vi gjekk ut i byen.

Likevel fekk vi mykje ut av fredagen i Riga. Det var ganske kaldt, og kom eit lite dryss med snø, men for min del var det berre med på å gi litt meir førjulsstemning. Hotellet vårt, fg Royal Hotel, låg bra sentralt i gamlebyen i Riga, og det var koseleg å rusle rundt i gatene, og ikkje minst på dei tre ulike julemarknadane i byen! Fredagen var det ganske stille, men laurdag og sundag var det ein del folk. Marknadane åpna denne helga (nokon har forstått at ikkje jula startar i oktober!), og dei hadde utruleg mykje fint handverk og handarbeid! Strikkevarer, syvarer, ull, skinn, pels, smykke, keramikk og trearbeid, for å nemne noko! :-) Mykje fint, og vi fekk med oss litt av kvart i bagasjen heim til julegåver og diverse... Så kan de berre lure... ;-)

Fredag ettermiddag var vi og i marknadshallen (som visstnok var ein av Europas største) og kika, før vi gjekk på kino og tok ein kvil i kinoseta mens vi såg James Bond boltre seg i Skyfall...

Laurdagen rusla vi rundt i gamlebyen og såg oss om, handla litt og tok livet med ro. Var innom "domen" og såg på den, og gjekk på cafe når vi fekk bruk for mat, kvile og varme.

Sundag morgon tok vi det temmeleg roleg på hotellrommet, fekk ordna med sein utsjekk, og slappa av med sport på tv. Vi visste at flyet gjekk seint på kvelden heim, og følte vel at vi hadde fått handla nok laurdagen, og ville berre ta ein siste runde på julemarknad og ete litt før vi reiste ut på flyplassen. Det var greit med ein roleg dag, kroppen min var ikkje heilt i storslag og det var ikkje så godt med for mykje rusling og ståing den dagen. Likevel fekk vi oss ein tur i rask gange gjennom gatene som avslutning før vi drog ut til flyplassen, det gjorde igrunnen godt!

Flyet gjekk som nemnd seint heim, og flyturen heim gjekk betre enn den bortover, sjølv om det var varmt denne gongen og.. Da vi landa på Flesland halv tolv sundag kveld, var det å få henta bagasje, finne bil, koste snø og skrape is med håp om å nå ferja klokka ett. Det gjekk fint med ti minutts margin! :-) Eg sovna no på ferja, og sov vel til vi kom heim, likevel var det godt å kunne sove litt ekstra før jobb på morgonen måndag, stakkar Helge som byrja klokka seks... Vi var no likevel veldig godt nøgde med turen, og kom heim med gode opplevingar, mange julegåver og litt meir julestemning i bagasjen! :-)

PS. Fleire bilete finn du her: http://bilder.turjenta.net/#54.0.

  • Kommentarer(0)//blog.turjenta.net/#post11