Turjentas blogg

Turjentas blogg

Turblogg

Denne bloggen vil jeg nok i første rekke bruke til å skrive om turer, men kanskje også litt diverse annet. Bloggen er knyttet til min nettside www.turjenta.net

Huseigar!!

HverdagslivOpprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 21 okt., 2011 22:20:26

Ja, det skjer mykje spennande for tida!! Etter at vi såg på hus i haustferien fant vi ut at iallefall eitt av dei absolutt var verdt å legge inn bud på! Så då vart det ein spennande budrunde denne veka, og plutselig eig vi eit hus!!

Tanken var vel ikkje å flytte til vest før til sommaren, men når vi fann eit fint hus på ein så bra plass kunne vi berre ikke la vere! Så no er gleda stor og spørsmåla mange! :-) Skal vi prøve å leige ut på kort tid fram mot sommaren? Skal vi la det stå tomt til vi flyttar? Kan vi det og framleis leige på Beitostølen? Skal Helge flytte før meg, hvis han får seg jobb der borte og eg komme etter så snart skuleåret er ferdig? Og får vi oss begge jobb der borte?? Akkurat det siste bekymrar meg faktisk ikkje så mykje (kanskje det burde bekymre meg meir?), Helge er så allsidig at han skulle ha få problem med å få seg jobb, og kjelder seier at det skal vere greitt med lærarjobbar der no... Elles må det jo vere noko anna eg kan gjere da...

Iallefall gler vi oss veldig til å komme nærare gode vener, og eg gler meg spesielt til å kome tilbake til Sunnhordland, dette flotte området der eg alltid har følt meg heime! :-)

http://www.finn.no/finn/realestate/homes/object?finnkode=31069298

  • Kommentarer(3)//blog.turjenta.net/#post4