Turjentas blogg

Turjentas blogg

Turblogg

Denne bloggen vil jeg nok i første rekke bruke til å skrive om turer, men kanskje også litt diverse annet. Bloggen er knyttet til min nettside www.turjenta.net

Organisering og planlegging

HverdagslivOpprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 26 okt., 2011 23:09:11

Ja, det er mykje som skal organiserast og planleggast når ein har kjøpt seg hus!!

No blir det fyrste ein vestlandsturnè att i helga. Eg har fått permisjon på fredag, slik at eg skal få komme meg i banken i Måløy for å ordne med lånet og diverse. Så vi køyrer til nordvest i morgon, for så å reise sørover etter bankmøtet på fredag. Då ber det til Bømlo, med kontraktskriving på laurdag.

Elles planlegg vi flytting... Har funne ut at vi skal spare noko husleige på å seie opp huset på Beitostølen, flytte møblar og saker og ting til Bømlo og så heller leige noko møblert i Vang fram til sommaren. Så då siktar vi på å få køyrd flyttelass i romjula. Nokon som har lyst på ein dugnad fjerde juledag?? :-) Nokon som har ein lastebil å låne bort?? :-) Sjåfør(ar) har vi...

Vel, spennande tider er det iallefall! Men ser rundt meg at det er ein del å gjere og ein del å flytte på...

  • Kommentarer(0)//blog.turjenta.net/#post5