Turjentas blogg

Turjentas blogg

Turblogg

Denne bloggen vil jeg nok i første rekke bruke til å skrive om turer, men kanskje også litt diverse annet. Bloggen er knyttet til min nettside www.turjenta.net

Sommarferie 2013 - Danmark og Tyskland

UtenlandsturerOpprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 04 juli, 2013 01:01:18

No har vi hatt tre flotte veker med ferie! Det starta med jubileumshelg på Nordfjord folkehøgskule, der Helge var 20-årsjubilant. Eg og Synne Kristin var med, slik at vi reiste videre til «Besta» og «Besten» i Måløy eit par dagar etterpå, før vi starta på utlandsturen med Elias.

Danmark og Tyskland

Vi møtte Elias i Aurland 11. juni på ettermiddagen, og overnatta i ei lita campinghytte (eller var det stor leikehytte du mente det var Elias?) på Mestad Camping i Evanger, før vi køyrde siste biten til Bergen på onsdagen.

12. juni tok vi Danmarksbåten frå Bergen. Queen Mary 2 låg og til kai, så vi var litt usikre på kor vi skulle ombord, men det vart no Fjord Line på oss... Vi var i land i Hirtshals torsdag morgon klokka ni, så var både Synne Kristin og Elias i Danmark for fyrste gong. :-)

Vi hadde god tid og køyrde ein liten omveg ut mot strendene mot Løkken på veg til Ålborg. I Ålborg hadde vi oss ein god stopp og rusla litt i gatene og fekk oss noko å ete, før vi køyrde vidare sørover. Etter kvart nærma vi oss Horsens og byrja å tenke på eit overnattingsstopp. Vi enda med å bo på Scandic Hotel Bygholm Park i Horsens, eit veldig bra hotell, der vi fekk ein bra pris på familierom.


I Horsens var det og dyrskue fredag til sundag, så vi fekk med oss ein tur der før vi reiste vidare utpå dagen 14. juni. Når vi gjekk på dyrskue der, fekk vi eit visst inntrykk av at landbruket står noko sterkare i Danmark enn i Noreg, men det er vel noko lettare å dyrke marka der... På dyrsku var iallefall mange gedigne landbruksmaskiner, mykje dyr, bodar og tivoli – noko for ein kvar smak. Etter å ha sett oss litt rundt der, sette vi kursen vidare langs strakaste vegen til hotellet vårt i Hamburg. Om vi trudde vi hadde bodd bra i Horsens, budde vi iallefall veldig bra på Steigenberger Hotel Treudelberg! Det er eit hotell som ligg litt utafor sentrum i Hamburg, med golfbane på området. Den fekk vi jo ikkje prøvd ein gong... Men Elias og eg fekk oss ein liten tur i svømmebassenget på fredag kveld.

Laurdag var vi på dagstur til Lüneburg! :) Der var det Stadtfest, med masse boder og liv i gatene! Det blei nesten litt mykje, men det var kjekt å vere tilbake til gamle trakter! Eg har lenge hatt lyst på ein tur tilbake til Lüneburg, der eg studerte nokre månader i 2004, og det var veldig kjekt! Dei andre synst visst og at det var ein veldig fin by! :) Været var litt usikkert, og utpå ettermiddagen kom ei styrtskur, men det var akkurat medan vi henta ut bilen frå p-huset og køyrde, så vi vart ikkje våte..


Dagen baud og på utfordringar, då motorvernplata under losna.. Vi måtte ha bilen inn på verkstad, men innan vi kom på VW var det stengd (ein vi traff som jobba der, sa det var ope til 18, men det var feil...). Men på kafeen der var dei veldig hjelpsame, og til slutt var det ein frå ADAC (tilsvarande NAF) som hjalp oss med å fjerne plata så vi kunne køyre vidare. På veg tilbake til hotellet, tok vi ein rusletur i Hamburg sentrum. Det blei ein lang dag, og litt sein kveld.

Sundag 16. juni var det godt å kunne ta ein litt roleg morgon på hotellet, før vi køyrde til neste stopp – KNAUS Camping Burhave. Det ligg på ei slags halvøy – Butjadingen nord ved Nordsjøen, ikkje so langt frå Bremerhaven. På vegen dit køyrde vi eit stykke langs dikene mot Elben nordover frå Hamburg, mot Stade. Fekk sjå nokre fine småstader i Borstel og Jork. Vi stoppa i Bremervörde og åt pizza. Der var det og eit stort opptog i gatene. I kveldinga starta vi på campinglivet i campingvogna vi hadde leid for fire netter. Det blei koseleg, med yatzy på kveldane.

Måndagen hadde vi ein ganske roleg dag, med ein liten tur til Bremerhaven, og elles litt klesvask og litt kos på campingen. Vi tok ei lita ferje mellom Nordenham og Bremerhaven. Fann vel eigentleg ut at vi ikkje hadde trengt å ha med bilen over, men... Eg og Elias blant anna var inn i ein U-båt som no var ein del av skipsfartsmuseet i Bremerhaven. Det var spennande.

Tysdag 18. stod vi tidleg opp, for å køyre to timar til Soltau – nærare bestemt Heide-park. Der fekk vi ein veldig kjekk, varm og slitsom dag, med mykje moro for liten og stor! Vi var nok likevel litt uheldige med valet av dag, det var ganske mykje folk og gjekk bort ein del tid i kø, og det som såg ut til å være lettskya og perfekt parkvêr, viste seg å bli mykje sol og veldig varmt! (34 grader då vi kom attende til bilen...) MEN, vi fekk prøvd mykje av dei store, artige attraksjonane! Alle fire fekk køyrd tog, og vore til topps i utkikkstårnet, eg og Elias fekk køyrd bobbane og piratskip. Elias fekk køyrd stort og smått, men piratskipa var kanskje artigast? Sjøv om ein blei klissblaut... :-) Skipa hadde vannkanonar, men det hadde og dei som stod på land... Medan eg var på stelle- og ammerommet med Synne Kristin, hadde Helge alliert seg med nokre tyskarar på land, så Elias var ganske gjennomvåt... :-P Men det gjorde jo ikkje noko når det var så varmt! Og eg fekk til slutt køyrd ein av dei store berg- og dalbanane – Colossos! :-) Men vi skulle hatt minst ein dag til for å rekke alt det kjekke i parken!!


Etter den store utflukten tysdag, vart det ein roleg dag i Burhave på onsdagen. Litt aktivitet på campingplassen på føremiddagen, så spiste vi middag i bowlinghallen. Der var og et slags lite leikeland. Elias og Helge fekk seg ein runde med bowling etter middag, medan eg og Synne Kristin gjekk attende til campingen og slappa av. Det var nok ein varm dag, med tett, fuktig luft, og på kvelden kom resultatet – eit voldsomt tordenvær som eg knapt har opplevd maken til!! Det slo ned i flaggstanga litt lenger bort på campingplassen...

Torsdag 20. juni var det på tide å ta fyrste etappe på heimvegen. Vi køyrde raskaste ferjefrie veg frå Burhave til København. Hadde oss ein handlestopp i Flensburg, og fylte bilen enda litt meir opp... I åttetida kom vi fram til Lea og Rosa, som var så snille å tilby oss overnatting! :-)

Fredag var det klart for tivoli! Elias og eg fekk oss turpass og fekk lufta oss enda meir – her var mykje mindre kø enn i Heide-park! Tivoli er veldig trivelig, og ein fin stad å vere, og for dei som ikkje er dei tøffaste med tanke på karusellar! Vi hadde ein bra dag, og åt på Hard Rock Cafe, men Helge var nok litt sliten. Det var kanskje ikkje så rart, når det kom til kvelden var han i såpass dårleg form at Lea vart med han på legevakta. Resultat: Lungebetennelse, 38,7 i feber og 40% lungekapasitet på venstre side... Kanskje ikkje så rart at han hadde vondt.. Han fekk medisin, og laurdagen fortsette vi turen heimover. Vi ferja frå Helsingør til Helsingborg og køyrde nordover E6. På ettermiddagen kom vi til slektningar i Lur og fekk helsa på, før det vart overnatting på Nordby.

Så vart det litt handling på Nordbysenteret sundag morgon, før vi sette nasen mot Hallingdal, med eit kort stopp hos slekta i Gårandplassen. Trur Elias syntes det var litt godt å kome heim til Rukkedalen utpå ettermiddagen! Takk for turen Elias! Vi sette alle tre stor pris på å ha deg med, eg trur Synne Kristin sakna deg i baksetet då vi køyrde vidare! Og takk til foreldra dine og systrene dine for at vi fekk låne deg med oss!

Fleire bilete frå Danmark og Tyskland ligg i dette albumet: http://bilder.turjenta.net/#!album-59

Nordfjord

Vi overnatta ei natt i Trondrud, før vi reiste til Nordfjord for å bruke siste ferieveka i Måløy og Deknepollen hos foreldra til Helge. Lungebetennelsen til Helge var framleis ikkje bra, så han var til lege og fekk ny medisin som tok betre tak. Vi fekk med oss Måløydagane i helga, og endte med å kjøpe ny bil, så vi måtte køyre hver vår heim...


Laurdag kveld fekk vi oss ein flott prøvetur med nyebilen. Vi hadde med oss far til Helge og køyrde på ein skikkeleg flott solnedgangstur i Vågsøy, til Refviksanden og ut mot Kråkenes. Fantastisk med sola på veg ned i havet og utsikt over til Stadtlandet! Ein skikkeleg bra avslutning på ferien!

Og i dette albumet ligg fleire bilete frå Vågsøy: http://bilder.turjenta.net/#!album-60

  • Kommentarer(0)

Fill in only if you are not real





Følgende XHTML-tags er tillatt: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS og Javascript er ikke tillatt.