Turjentas blogg

Turjentas blogg

Turblogg

Denne bloggen vil jeg nok i første rekke bruke til å skrive om turer, men kanskje også litt diverse annet. Bloggen er knyttet til min nettside www.turjenta.net

Eit halvt år - tid for endringar

HverdagslivOpprettet av Britt Marie Haraldset Hafsås 24 sep., 2013 19:13:02
Det passar nok godt med eit nytt blogginnlegg no. I dag er Synne Kristin eit halvt år, og kvardagen er i ferd med å endre seg for oss. Neste veke blir det nye jobbar og ein, heilt sikkert, travlare kvardag.

Her ligg halvtåringen på gulvet og skravlar litt, lagar lydar og gneg litt på bokstavpuslespillet ho ligg på på gulvet. Ja, ho ligg på det heilt til ho har rulla seg av og funne noko anna som er meir interessant... Men akkurat no, er det visst kløa i munnen som skal ha mest merksemd. To små tenner har så vidt kome fram nede, og dei oppe kjem vel snart dei og.. Vi har så smått trent oss litt på graut og mat på smakestadiet ein månads tid, og no er det i alle fall eitt måltid til dagen, så då får ho nok i seg mat, sjølv om mamma er på jobb om dagen!



I dag har Synne Kristin fått ein liten smakebit av ny kvardag. Ho var hos Karl nokre timar midt på dagen, savna nok mamma litt på slutten, men vi får tru dei blir gode vener etter kvart! Vi skulle jo så fint dele permisjonen slik at vi jobba nokre dagar kvar, men det var jammen ikkje så lett å få til å klaffe med to arbeidsgjevarar... Då er det godt med gode vener som kan ta seg godt av gullet vårt dei fleste tysdagane!

Måndag begynner Helge i ny jobb. Han har fått seg jobb i Stavanger, og blir dermed pendlar. Godt er det at han skal ha ein del pappapermisjon, så han blir no mykje heime med oss likevel. Han skal jobbe i Stavanger mandag og tysdag, ha pappaperm onsdag og torsdag, og så har han heimekontor på fredagen, bortsett frå når han skal jobbe sundagen, då blir det Stavanger fredag og. Håpar og trur dette skal bli ei bra ordning, og ikkje minst ein jobb han vil trivast i! :-)

Eg startar oppatt i jobb etter permisjonen på tirsdag, så dermed blir alt nytt på ein gong! No har eg fått jobb på Moster skule, og skal vere der tysdag, onsdag og torsdag før jul, og så blir det vel full rulle etter jul! Eg har litt blanda følelsar kring ny jobb. Eg likte meg godt på Hillestveit, og det er jo alltid litt å kome inn i på ny arbeidsplass, men det er klart det er kjempegreitt å vere så nær heimen no med ei lita heime, og eg har tru på at Moster skule og er ein god arbeidsplass. Men spennande blir det, på mange måtar! No har vi no berre ei arbeidsveke før det er haustferie da, så... :-)



Synne Kristin er elles framleis ei harmonisk, rolig og blid jente, som stort sett smiler til verda. Ho er tålmodig og let seg sjelden stresse, men kan no si i frå når det gjeld! Om natta søv ho så godt, at det nok kjem til å bli ei omveltning å måtte stå tidleg opp.. Ho går elles heilt utruleg godt overens med katten! Helge og eg snakka om det i dag, at vi trur dei må kunne beskrivast som perlevenner! Auga til Synne Kristin følger Susi når ho er i nærleiken, og katta kan ligge ved sida av ho og la ho dra ho i øyra. Hadde vi behandla katta slik ville ho nok klora etter oss!!! Men dei vesle hendene til Synne Kristin kan visst dra nesten så mykje dei vil i pelsen! Det er i alle fall moro å sjå på dei!

Eg har no lagt ut ein del bilete, og nokre videoar, frå august og september på http://bilder.turjenta.net/#!home , logg inn med e-post og passord, og har du ikkje det, kan du sende meg ein mail, så kan du jo kanskje få... ;-)

  • Kommentarer(0)

Fill in only if you are not real





Følgende XHTML-tags er tillatt: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS og Javascript er ikke tillatt.